• Ettersyn bilde
    Ettersyn og varsling
    Oversikt over saker

Liahagen Lodge


Beskrivelse av sak
  • Opprettet: 30. september 2021
  • Frist: 15. november 2021

I samsvar med plan- og bygningslovens § 12-8 kunngjer Areal+ AS oppstart av arbeid med detaljregulering for Liahagen Lodge i Liabygda i Stranda kommune på vegne av Maximgruppen AS.

Planområdet

Eigedomane som tiltakshavar vil regulere for utbygging er gnr/bnr 8/18, 8/37, 8/133, 8/135 og 8/137. i tillegg er det teke med areal for tilkomstvegen frå riksvegen, Liabakkane,  som dekker delar av gnr/bnr 8/126 og ein teig med ukjend. gnr/bnr. Planområdet har eit areal på 19,4 daa no ved varsel om oppstart.

Planstatus - kommunale retningsliner og generell vurdering av planområdet

Gnr/bnr 8/18 er regulert for Liabygda gjestehus. Resten av området er uregulert. Det er ein kommuneplan ute på høyring der delar av området er sett av til næringsverksemd og delar av området er sett av til kombinert formål for bebyggelse og anlegg og den øvste biten er sett av til eksisterande LNFR. Skredfarevurderinga frå NVE syner at det er skredfare i delar av planområdet. Tiltaket er tenkt plassert innafor dei areala som har låg nok faregrad til ikkje å utløyse krav om tiltak.

Planarbeidet

Planen skal legge til rette for utbygging av hytter og ev. nærbutikk/kiosk i samanheng med gjestehus/hotell.

Vidare saksgang

Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing. Konsekvensar for naturmiljø, områdekvalitet, bustadmiljø, trafikk/mobilitet, trafikksikkerheit, kulturminne, beredskap (ROS) m.m. vert gjort greie for i planomtalen. Planforslaget med planomtalen, reguleringsføresegnene, plankartet og ROS-analysen er planlagt sendt kommunen i november 2021. I samband med kommunen si handsaming av planforslaget, vil dei legge planen ut til offentleg ettersyn i minimum 6 veker. Då vert det ny moglegheit til å koma med innspel til reguleringsplanen. Utvalet for plansaker vil ta stilling til alle innkomne merknader før kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka.

Merknader

Naboar og offentlege instansar varslast direkte. Varslingsbrev med vedlegg og referat frå oppstartsmøtet er tilgjengeleg på www.arealpluss.no/ettersyn-varsling og www.stranda.kommune.no.

Kommentarar eller innspel til planarbeidet sendast seinast 25. oktober 2021 til

Areal+ AS v/Ingrid Orstad Teigen, ingrid.orstad.teigen@arealpluss.no.

Kopi sendast postmottak@stranda.kommune.no, Stranda kommune, Øyna 13 6200 Stranda.