• Ettersyn bilde
    Ettersyn og varsling
    Oversikt over saker

Aasgarden - Øystre Slidre


Beskrivelse av sak
  • Opprettet: 20. oktober 2020
  • Frist: 1. desember 2020

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av reguleringsplanarbeid, og iht. § 12-9

vert det varsla høyring og offentleg ettersyn av forslag til planprogram for Aasgarden, PlanID 202006.

Det blir samtidig varsla om oppstart av utbyggingsavtale, jf. plan- og bygningslova kapittel 17.

Planarbeidet vert utført av Areal+ AS på vegne av Norske Fjellhytter AS

 

Planprosess og merknad:

Planprogrammet vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i 6 uker. Frist for uttale og innspel er 1.

desember 2020. Når fristen har gått ut og vi har motteke høyring og innspel, vil evt. merknader bli innarbeidd i

planprogrammet, og dokumentet vil bli lagt fram for fastsetjing i kommunen.

Det er halde eitt informasjonsmøte for naboar til planområdet den 26. september i år.

Når planforslaget er behandla første gongen i kommunen, og planen er sendt ut på høyring og offentleg

ettersyn i 6 veker, vert det halde eit nytt informasjonsmøte der tiltakshavar informerer om det konkrete

planforslaget. Det vil også då vera høve til å komme med merknader til reguleringsplanen og innhaldet i denne.

Planutvalget vil ta stilling til alle innkomne merknader før kommunestyret fattar endeleg vedtak i saka.

 

Innspel til planarbeidet sender de til:

Areal+ AS v. Olav Talle på e-post: olav.talle@arealpluss.no, ev. per post: Areal+, Storgata 64 A, 2609

Lillehammer.

 

Kopi kan sendes til Øystre Slidre kommune: post@oystre-slidre.kommune.no